Reinsjakt i Haldalen

Ein gong skulle eg vera med gamle meister på reinsjakt i Fødalen. Han var fast bestemt på kvar han ville bu, Lensmannshytta i Haldalen.

Fredag 

 Jakta starta fredag. Gamle meister reiste til fjells tidleg på torsdag, medan eg skulle på arbeid både torsdag og fredag. Eg hadde derfor bestemt meg for å reise etter arbeidstid fredag. Raskaste vegen frå bilvegen i Toviki, er over Klevafjellet, ned ved Haslehiet og oppatt Haldalen. Ein rask titt på kartet viser at denne turen er omlag 12 kilometer i luftlinje og samla stigning er ikkje mindre enn 600 meter. Ein gamal tommelfingerregel seier at ein kan rekne å gå omlag tre kilometer i timen med sekk, i tillegg må ein rekne ein ekstra halvtime for kvar hundre meter stigning. Ein må altså rekne med å bruke 7 timar. Eg hadde også lagt merke til at det byrjar å mørkne ved 10-tida kveldane før avreise. Nei, heldigvis kan ein ikkje alltid stole på tommeltottane uansett kor mange ein har av dei, og eg var klar over at eg måtte vera framme ikkje mykje etter klukka 10. Med arbeidstid til klukka 3, 7 mil biltur heimatt, mat som heldigvis var klar då eg kom heim, pakking av mat i sekken og 4 mil biltur til fjells, der 3 mil er smal grusveg, var eg klar til å gå frå Toviki klukka 18:00. Etter 7 timar skulle det altså vera svarte natta. Eg hadde aldri vore så langt oppi Haldalen før, så eg var heilt avhengig av dagslys for å finne hytta! Til tross for dette var eg svært optimistisk angåande mørket. Eg hadde rekna med, i alle fall håpa på, å greie turen på 4 timar, altså vera framme til 10.

Frå Toviki går stigen langs vestsida av Mjolga og svingar opp det bratte og tronge Klevaskardet. Vidare må ein gå på austsida av Klevavatnet til ein kjem på turistslepa mellom Iungsdalshytta og Bjordalsbu. Denne slepa blir følgd opp lia frå Klevavatnet, før ein slepper seg nesten 200 høgdemeter nedatt til Haslehiet.

Fødalsåne er lettast å krysse omlag ein kilometer ovanfor innoset til Fødalsvatnet, for der er det bru. Så er det bare å ta til på den siste stigninga opp Haldalen til hytta som ligg omlag 1520 moh. Der var eg 21:50, andpusten, sveitt og med mjølkesyre tytande ut or øyro. Der var det ikkje mange som trudde det då eg sa når eg hadde starta i Toviki. Eg greidde altså å anslå gangtida ganske godt, men tommelfingerregelen min, nei han er tydlegvis ikkje til å lite på. Seinare har eg gått same tur på under 3 timar i samme ærend. 

Gamle meister var ikkje den einaste som hadde bestemt seg for å bruke Lensmanshytta. I tillegg til gamle meister, var det 3 andre jegarar og ein sherpa der. Det var Sigmund postberar, Hallgrim kremmar, ein valdris og sherpaen til kremmaren, Torbjørn bladfyk. Fordelt på fire senger, var det bare å rulle ut liggjeunderlaget mitt på golvet mellom vedsekkar, ryggsekkar og fjellstøvlar. Eg fekk også låne liggjeunderlaget til gamle meister, slik at eg fekk noko som med god fantasi, kunne likne litt på komfort. Bladfyken var heldigare og fekk liggje på ein laus madrass ved sida av meg. Dei andre fire låg i kvar si seng.

Laurdag

Laurdagen starta med at me vart med kremmaren og bladfyken og tok opp at fiskegarnet dei hadde sett ut i utoset i nordre Haldalsvatnet. I hytteboka sto det at det var satt ut fisk i vatnet fyrst på 70-talet, og at det vart oppfordra til å prøve fiskelukka der. Det sto også at Svein lensmann hadde fiska der nokre år seinare, utan å få fisk. Lensmannen hadde hengt att fiskegarnet sitt slik at andre også kunne prøve. Fredagskvelden hadde kremmaren og bladfyken fabla stort om å beda oss inn til rakafisklag mot jol, men sjølvsagt med atterhald om at det faktis vart fisk. Det vart ikkje noko rakafisklag.

Fredagen hadde dei jakta på Systrandsfjellet, for der meinte dei kanskje at det kunne vera ein reinsflokk som dei såg nede i Haldalen torsdag. Denna flokken såg dei ikkje meir til. Laurdagen ville derfor eg og gamle meister gå nordover i retning Djupeskard. I den sure vinden fann me oss ly i solsida av ein liten haug før me kom ut i Djupeskard. Vanlegvis er det naturleg å kle på seg litt ekstra når ein slår seg ned for ei lengre pause, men her i solhellinga var det så varmt at det var heilt greitt å lufte litt ekstra.

Etter ein liten matbete og grundig bruk av kikkerten, kledde eg på meg att og tok ein tur rundt haugen for å kikre litt ut i Djupeskard. Ingen rein å sjå. Litt seinare kryssa me Djupeskard og gjekk til me såg indre Djupeskardtjørn. No syntest ikkje gamle meister at me hadde noko å gjera lengre nord, så me snudde og gjekk attende. I staden for å gå attende same vegen, svinga me vestover og kryssa grove omlag ved fylkesgrensa, grensa mot Lærdal. Me fylgde grensa sørvestover over høgdene attende på Flågrunnane. I solhellinga her, tok gamle meister ein liten lur, medan eg fortsatt satt vakt og kikra for å sjå om eg kunne finne noko som rørte seg.

Etter nokre nærgåande småfuglar som eg såg best utan kikert, såg eg brått eit skarpt, blendande lys på andre sida av Haldalsvatnet 1-1,5 kilometer unna. Kikerten viste meg at lyset kom frå ein slik sjølvlysande, gulgrønn genser som journalistar brukar å gå med. Det skal nevnast at bladfyken det meste av dagen brukte ei meir nøytralt farga jakke utanpå. Eg veit ikkje sikkert om det var dette som var signalet for at det gjekk mot kveld, men i alle fall var me no klar til å rusle attende til hytta. Når me kom dit var dei andre alt kome og klukka var så mykje at det heller ikkje var lov å jakte meir for den dagen. Dei andre kunne fortelja at valdrisen var reist til andre jaktmarker.

Etter at maten var stappa ned i magane våre, var det tid for å fortelja skrøner att. Ettersom ingen hadde opplevd så mykje jakt den siste dagen, og dei beste skrønene frå tidlegare år var fortald kvelden før og sikkert kvelden før det att òg, vart det reprise av desse. Av nye historier, vart det krydra litt med kva som var høyrd på radioen i løpet av dagen. Særleg Lærdølene hadde hatt mange gullkorn på radioen.

Då mørket hadde senka seg, var det på tide å avgjera kven som skulle overta den ledige senga. Etter eit voldsomt basketak, byrja bladfyken endeleg å gjera seg klar til endå ei natt på golvet.

Sundag

  Sundagen kom med det same fine vêret. Kremmaren og bladfyken hadde bestemt seg for å gå heimatt. Dei hadde tenkt å gå via Djupeskard og ut Fødalen.

 Eg og gamle meister var ikkje heilt sikre på kor me ville gå, men me starta opp vestover på nordsida av Haldalsvatnet, og i retning midtre Flågrunnsvatnet. På høgda i mot midtre Flågrunnsvatnet stoppa me for å kikre. Etter å ha fått eit overblikk innanfor grensene, svinga eg kikerten litt utanom grensene òg. Rein! På ei snøfonn heilt nede ved vatnet på sørvestsida av vestre Flågrunnsvatnet gjekk det ein reinsflokk. 3-4 kilometer unna oss og på andre sida av grensa til Lærdal. Utan store utsikter for å sjå rein andre stader, valde me å ta livet med ro, og følgje med på kor denne flokken hadde tenkt seg. Etter kort tid, vart flokken burte i eit søkk ned mot vatnet. Etter kvart vart me lei av å nistire på ei tom snøfonn, derfor byrja me å gå att. For fortsatt å ha kontroll over reinsflokken dersom han skulle koma austover, valde me å gå ein runde i retning flokken. Sjølv hadde eg litt lyst til å gå bortom Flågrunnsvarden, ikkje for at det kunna vera rein der, men for å ha vore på dette grensepunktet mellom austlandet og vestlandet, mellom komunane Ål, Hol og Lærdal. Etter at Flågrunnsvarden var besøkt, gjekk me austover att langs kommunegrensa til Hol i retning søre Haldalsvatnet.

 På reset før søre Haldalsvatnet traff med på ein holingsjeger. Han fortalde at han hadde sett dyr på ei snøfonn like ved Lensmannshytta. Om han sa dette for å lure oss vekk frå området ved grensa, eller fordi han faktis hadde sett rein, nei det vart me aldri heilt klok på. På veg i mot austre Flågrunnsvatnet møtte me postmannen att, han hadde heller ikkje sett noko dyr. Me vart einige om at det var tid for å ta ei matpause. Etterpå valde me å gå attende til hytta og undersøkje om me kunne finne spor på snøfennene der. Det gjorde me ikkje.

 Måndag

 Måndagen vakna me til ruskevêr. Det var ikkje snø på bakken, men det var ei og anna snøflugse i lufta. Ingen av oss var heilt bestemt på kor me ville gå. Ut i frå at me hadde sagt at me skulle koma heimatt ein tur etter meir mat og børse til meg, anten sundag eller måndag, ville dette kanskje vera den ideelle dagen for det, men det vart aldri nevnt som eit alternativ. I staden vart det til at eg skulle jakte med børsa til gamlingen, dersom det vart moglegheiter for fleire dyr, skulle han overta børsa etter at eg hadde skote.

Alle tre gjekk i samla flokk i retning Bukkeholene, me hadde nemleg ikkje gløymt den noko usikre meldinga om at det hadde vore dyr i området ved hytta dagen før. Me svinga etterkvart oppover mot Mønin. Etterkvart som me kom høgare, vart det stadig surare og meir snø i regnet. Dette var altså ein ypperleg anledning til å prøve ut litt utstyr og teknikkar for å halde seg sjølv og utstyret turt. Med fjellduken rundt halsen og over sekken og børsa og sydvesten på hovudet, var eg omtrent heilt beskytta mot vêret. Gamlingen som hadde ein fora fjellduk, klaga heller ikkje.

Her oppe i dei høgare lag, var sikta til tider redusert på grunn av skodde. Då me kom utpå så me såg ned i Spiskamerset tok me ei kikrepause, men det var ingen rein å sjå. Omlag slik fortsatte runden vestover så me kom nedatt ved vestre enden av nordre Haldalsvatnet.

Då me etterkvart kom attende til hytta vart me møtt av ein brødskalk som låg utanfor veggen. Her hadde det altså vore folk, og ganske riktig, inne stod det to ryggsekkar. No var det om og gjera å fyre og få turka mest mogleg klede før dei andre kom med meir blaute klede.
Litt seinare kom Leif granne med ein sherpa. Dei ville ikkje vera ved at dei hadde lagt at nokon brødskalk utanfor veggen, så me skjønte at det kom til å koma fleire innan kvelden. Det var godt å ha sikra seg seng. Dei nyankomne hadde med seg ei flaske av slikt det ikkje er lov å reklamere for, så humøret tok seg etter kvart opp att etter ein dag i det dårlege vêret.

 Personen som hadde lagt att brødskalken, dukka aldri opp, noko som enkelt kunna forklarast med at han truleg hadde gått seg vill og forulykka i uvêret.

Tyrsdag

Med konjakken var allt det dårlege vêret gløymt, og me vakna til det same solvêret som hadde vore i helga. Postmannen meinte han ville ta ein tur heim att i dag, den same planen hadde gamle meister. Sjølv hadde eg lyst til å vera i fjellet nokre dagar lenger. Eg hadde derimot litt lyst til å gå nokre dagar på austfjellet før eg reiste heimatt, derfor ville eg flytte til Steinan. Eg og gamlingen bestemte oss for å jakte oss over på austfjellet og skilja lag som venner på slutten av dagen.

Me gjekk omlag same rute som laurdag til me kryssa grove i Djupeskard. Me gjekk så nesten ut Djupeskard, før me svinga nordover innanfor ein liten haug som ligg i åpninga til Djupeskard. Så sikta me oss inn mot samløpet mellom Urgeåne og Fødalsåne. Ved Fødalsåne tok me ei matpause.

 Når ein sitt og kosar seg på eit svaberg slik me gjorde, er det på ingen måte freistande å reise heimatt med det fyrste. Sjølv var eg bestemt på å vera nokre dagar lenger, og gamlingen var like bestemt på at han måtte heimatt til geiteparinga. Eg sa at dei ikkje måtte vente meg heimatt før fredag, kanskje ikkje før laurdag dersom eg skulle få dyr seint på fredag. Ikkje det at eg hadde mat til så mange dagar, men at eg kanskje kunna gå til Bjordalsbu for dei siste dagane. Gamlingen foreslo også at eg kunne jakte sør skarvet som avslutning. Det kunna vore ein fin tur, men turen attende til bilen i Toviki kunne kanskje virke lang. Gamlingen foreslo at eg kanskje kunne hentast på Lauvdalen. Eg sa at eg skulle tenkje på det. Det vart aldri diskutert korleis eg eventuelt skulle bestille henting der.

Etter at maten var flutt frå ryggsekken til magasekken, gjekk me oppover etter Urgeåne. Me tok ein liten stopp ved flyvraket. Under krigen datt det ned eit tysk fly her. Asle Haugen som var gjetar i Fødalen på denne tida fann flyvraket. Sigurd Flaget har skrive ned kva Haugen har fortald. Det notatet har eg fått tak i, og det stemmer bra overeins med kva eg sjølv hugsar at Haugen fortalde nokre månadar tidlegare. Men dette er korleis Haugen hugsa hendinga over 40 år etter krigen. Haugen fortalde at han fann nokre restar etter flyet, hausten 1942. Våren 1943 leitte han vidare og fann flyet som han meinte var eit postfly etter som han hadde funne fleire sekkar med post. Haugen viste seinare vraket til lensmennene i Ål og Hol og 2 tyske følgjer, den sumaren og sumaren etter. På den siste av desse turane vart det sett opp ein trekross som skal ha vorte til kaffevarme ein gong på 50-talet. Halvard Sand har undersøkt ulike kilder for å finne opplysningar. I følge Sand skal flyet ha vore ein jagarbombar av typen Messerschmitt 110 C på veg frå Sola til Kirkenes 12. august 1941. Sand har også funne fram til at vêret denne dagen var svært dårleg med sterk vind og snø/hagl/sludd.


Sist eg var her var sumaren 1986, bare nokre dagar etter at Haugen hadde fortald historia si. Sidan den gongen var det kome opp ei minneplate.
«Major Erich Groth
OBFW. Herbert Muche
Omkom her 12. august 1941
på veg frå Sola til Kirkenes»
Eg tok nokre bilete som eg lovde at gamlingen skulle få ein kopi av. Han som fann vraket sumaren 1943, var gjetar i Fødalen då. Eit år seinare vart han morbror til gamlingen.
Me gjekk vidare til me hadde oversikt over Urgevatnet, før me hadde ein lenger stopp for å kikre. Me gjekk også over reset mot Rundetjørn slik at me kunna kikre utover i Sanddalen og mot Gråhyrnerane, men det var ingen dyr å sjå. Det var derimot mange nyfikne, halvstore fuglar av ukjent art som vekte oppmerksomheit og undring hjå oss. Vidare gjekk me rett over høgda imot Steinevatnet før me tok ei ny kikrepause. Det var fortsatt ingen rein å sjå.

Etter ein liten matbete, var gamlingen klar for å gå heimatt. Gamlingen gav meg det han hadde att av mat. Om dette var for at han unnte meg maten, eller det var for at hans eigen sekk skulle vera lettast mogleg, torde eg ikkje spøkje om. Eg spurde derimot kva for tankar han kom til å få dersom han kom på dyr på vegen heimover, med jaktkort i kartmappa men utan børse. Sjansen for at det skulle skje var sjølvsagt liten, men lell då. Batteriet i radioen hans var flatt, så den moglegheita hadde me ikkje for å kommunisere. Avtala vart at eg skulle halde meg i ro, så me i alle fall visste kor me hadde kvarandre i tilfellet. Lite visste me om korleis jaktlukka vår skulle smile til oss i nettopp dette området seinare i jakta, og for gamlingen sin del, også i jakta året etter.

Så var eg åleine. Faktis åleine på jakt med børse for fyrste gong. Eg fylgde gamlingen med kikkerten heimover innimellom at eg sveipte over terrenget etter rein. Då eg var sikker på at ikkje gamlingen skulle dukke opp att med vinkande armar, og eg hadde gjeve opp håpet om å sjå rein, pakka eg saman og byrja å gå att.

Den næraste staden eg var sikker på at det var fint å gå ned i Fødalen, var i Breidskardet. Der hadde me gått opp for mange år sidan, då heile familien var på telttur og hadde overnatta ved Steinan. Eg gjekk rundt sørenden på Steinevatnet og ned i Breidskardet. Så runda eg nordover dalen der det såg ut som ein stig. I dette området er derimot beitepresset frå sau så stort at nær alle stigar fører til ein saltstein. Etter litt famling i ein labyrint av meir og mindre tydelege stigar, fann eg etter kvart ein av stigane som førte til saltsteinen ved Steinan.
«Alle stigar fører til ein saltstein.»
- nyare norsk ordtak
I Steinan er det ei lita steinhytte frå 1800-talet. Denne hytta vart sett i stand att i 1976, og sidan sist eg var her, har det vorte pussa opp innvendig, og det har vorte drenert på utsida slik at vårflaumen ikkje lenger renn rett gjennom hytta.

Etter å ha sett frå meg sekken, la eg i ovnen, for eit slikt steinhus varmar seg ikkje sjølv. Så gjekk eg ein liten tur nedpå teltplassen me brukte 13 år tidlegare. Finare teltplass er det ikkje lett å finne så høgt til fjells, når ein ser bort i frå at halvparten av sauene som oppsøkjer saltsteinen om morgonen har bjelle. Eg såg også utover myra nedanfor, der me såg ein liten reinsflokk sist eg var her. No var myra aude. Det var litt synd, for det hadde vore ein fin avstand å skyte på, omlag 50 meter.

Då eg var ferdig med matlaginga og sat og åt, kom Sigmund ingeniör og sonen hans, Jostein kremmar. Dei hadde vore her forrige natt også, så dei hadde okkupert to av dei tre sengene, det var øvrekøya som var ledig. Med nytt selskap, vart det sjølvsagt nye historier. Litt gyllen drikke vanka det òg, før me krabba til køys. Køya eg fekk var definitivt ikkje skapt for den som er litt drug rundt livet og i tillegg har klaustrofobi. Heldigvis fall ikkje eg under nokon av dei to kategoriane.

Onsdag


Vêret onsdag fortsatte slik det slutta tyrsdag. Dei to andre hadde tenkt seg heim att i dag. Sjølv hadde eg ingen planer om å oppsøkje sivilisasjonen att med det fyrste. Nokon bestemt meining om kvar det kunna vera mogleg å møte dyr, hadde eg ikkje. Derimot hadde eg lyst til å gå til ein plass eg aldri hadde vore tidlegare, Hallingskeid. Eg gjekk derfor nordover dalen. Når ein går slik, kan tankane lett kverne på planar om framtidige turar. Denne gongen var det alle dei fine teltplassane som satte fantasien i gang, men å bruke ei veke på eit par kilometer kjem neppe til å realiserast.
«Innst inne i Fødalen minkar vatnet i elva bort, og fossebruset stilnar. Til slutt flatnar lendet av. Her er vasskilet.
Det er som om Austland og Vestland møtest her, tek kvarandre i hand og helsar god dag. Korleis har du det, granne? Står årsveksten bra hjå deg?
Slik var det i framfarne tider. Bønder frå Hallingdal og Lærdal møttest her inne på larsokdagen og heldt kjøpestemne.»
-Soga om Eivind Fredlaus[9]
Hallingskeid er ein gamal møteplass mellom Hallingdal og Lærdal. Her kunne dei handle hestar, skinn, smør, ost, korn, sild og salt og andre varer, og her kunne dei få seg ein dans, og kanskje eit kjerringemne eller ein real slåstkamp. No var det heilt stille her. Utan å ha fått handla, gjekk eg vidare opp i Fødalsnåse.

Eg fylgde omlag kommunegrensa til ein av dei høgaste toppane, der hadde eg så vid utsikt at eg vart sitjande eit bel. I nord såg eg Hurrungane og litt lenger vest Jostedalsbreen med Lodalskåpa 105km unna. I stikk motsatt retning såg eg Gaustatoppen 124km unna. I det nære såg eg utover i Sanddalen, Gråhyrnerane og området rundt Urgevatnet. Med denne utsikta fann eg det klokt å ta livet med ro og bruke augene og kameraet flittigast mogleg.

Etter at eg hadde siti og ikkje sett rein, gjekk eg over til andre sida av Urgevatnet til eg hadde oversikt over området rundt Steinevatnet. Seinare gjekk eg ned vareheisen til Steinan. Denne natta vart eg åleine.

Torsdag


Planen for torsdagen var ein tur i Raudbergskarvet og ei overnatting i Bjordalsbu, eller kanskje ute dersom vêret tillot det. Då eg kom meg ut om morgonen forsto eg raskt at finvêret var slutt. Skydekket låg lågt, men det var heldigvis opphald. Raudbergskarvet var fortsatt målet då eg hadde pakka saman sakene mine og byrja på vareheisen.

Vel oppe vareheisen, var skodda så tett at eg ante at det ikkje kom til å verte nokon lang dag i Raudbergskarvet. Sjølv om det ikkje var ordentleg regn, tok eg på meg fjellduken for at eg ikkje skulle verte så blaut. Eg tok sjansen på å fortsetje utan regnbrok, noko eg snart skulle finne ut at var dumt.

Då eg var kome bort til enden av Steinevatnet fann eg det enklast å fortsetje langs stranda. Då eg gjekk slik, ein meter frå vatnet, hadde eg god kontroll over retninga, så eg skulle i alle fall ikkje gå meg vill. Sjølv om eg gjekk langs vasskanten og slik hadde kontroll, skulle eg snart verte minna på at eg likevel burde besinne meg og ikkje gå for fort. Stranda gjorde ein knekk på seg som eg ikkje såg i skodda før eg heldt på å gå rett på vatnet. Heldigvis fekk eg stoppa i tide og lagt om kursen. I dette vêret, og utan nokon vêrmelding for fredagen, bestemte eg meg for at turen heller fekk gå i retning Toviki, bilen og sivilisasjonen. Frå enden av Steinevatnet prøvde eg å gå beint ned til Jutultjørne, utan å gå bortil oset.

Vel nede ved Jutultjørne fylgde eg stranda på same måte som etter Steinevatnet. Der strande gjorde ein knekk, fortsatte eg rett fram for å koma på turistslepa. Slepa fann eg, men i skodda var det ikkje så like framt å fylgje dei små vardane med kvar sin raudmåla T. Jutultjørne såg eg ikkje meir til, sjølv om slepa går nesten bortved vatnet ved utosen.

Nedved Svartetjørne kom eg endeleg under skodda. No var eg innstilt på at jakta var over for denne gongen. Eg kunna sjølvsagt ha gått gjennom Helvete for å gå i terrenget litt lenger, men sjansen for å koma på rein der, var lik null, så eg tømde magasinet og gjekk i retning Mjolgebotn.

Her under skodda var det turrare, så fjellduken kunna pakkast ned i sekken att før eg gjekk vidare rundt Trolltjørne og ned i Mjolgebotn. Vel nede i Mjolgebotn byrja det så smått å regne. I staden for å gå traktorvegen rundt Mjolgenuten, gjekk eg den gamle stigen langs Mjolga og vart sjølvsagt kliss blaut innan eg kom til Toviki.

Reinen var eg og gamle meister til fjells att og henta seinare i jakta. Fyrst henta eg og gamlingen ein halvannanårig bukk i området der me skilde lag 3 veker tidlegare. To dagar seinare henta gamlingen og ein svoger hans ein vaksen bukk i samme området.

2 kommentarer: