mandag 1. juni 2020

1. juni


Slik såg det ut ved Svarterandane i dag. Skiføret har halde seg veldig godt i vår, og det er nok enno ei tid att før ein må pakke vekk skiene.

onsdag 6. mars 2019

Når SNO ikkje greier å sjå forskjell på bukk og simle

I følge vedtaket, skal dei ta ut 55 vaksne bukkar. Bakgrunnen for dette er i følge Mattilsynet og Miljødirektoratet at det er skrantesjukeprøver av vaksne bukkar som er viktigast med tanke på friskmelding av reinstammen, samtidig med at simlene skal sparast for å ikkje redusere produksjonsevna til stammen.
Ved å felle mange bukker men få simler det første året vil man raskt få mye kunnskap om smittestatus, samtidig som man opprettholder kalveproduksjon og tilvekst til bestanden, som også gir grunnlag for prøver og friskmelding i et lengre perspektiv.¹
Det er til og med nevnt at uttaket skal skje utan å forstyrre simlene.

hjortevilt.no kan ein følge med på SNO sitt bukkeuttak. Det fyrste som slår meg når eg les denne loggen, er at SNO har greidd å skyte feil allereie fyrste dagen.

Eg uttrykte skepsis til at SNO skulle stå for det ekstraordinære uttaket før dei starta. Eg har ikkje vorte mindre skeptisk…

torsdag 31. januar 2019

Når Mattilsynet overtar styringa

Så er det endå ein mørk dag for nordfjellareinen. Mattilsynet har fått Miljødirektoratet (ref 2016/3824) til å vedta å felle 55 bukkar i løpet av vinteren 2019.

I følge Mattilsynet, hastar det å friskmelde dyra i sone 2. Då kvota for 2018 vart bestemt, var Mattilsynet heilt fråverande. Det var fyrst då sumarferien skulle avviklast at det brått byrja å haste for Mattilsynet. Eit brev med av ekstra uttak, vart sendt ut siste dagen før Mattilsynet la ned drifta for sumaren, 3 månader etter at kvota var bestemt og kunngjort. Så var ikkje Mattilsynet tilgjengeleg for spørsmål før nokre dagar før jakta starta. På informasjonsmøte både i Aurland og på Geilo, var det tydeleg at representanten frå Mattilsynet ikkje hadde nokon forståing om kva ei kvote er. På begge møta gav han uttrykk for at han forventa at jakta skulle gje betre felling enn det kvota skulle tilseie.

Så er altså vinteren her, og brevet om ekstra uttak er sendt ut i dag. I følgje brevet skal uttaket starte i morgon. Eg synest eg ser eit mønster i at statlege etatar ikkje forhastar seg med å sende ut brev.

Så til innhaldet i brevet. Det vert påpeika at jaktresultatet av vaksne bukkar i sone 2 bare var 18 dyr. For ikkje å pynte på tala, er det utelate at det også vart fellt 11 bukkar av den same stammen utanfor definisjonen av Nordfjella villreinområde.

"Uttaket er et supplement til ordinær jakt og det forutsettes videre et høyt uttak av bukk, samt noe uttak av andre kategorier dyr ved ordinær jakt i 2019 <…> Størrelsen på uttaket i vinter er satt til et slikt nivå at det fremdeles er behov for en god og målrettet jakt med nøye prøvetaking i 2019. Det er realistisk å oppnå den ønska lave bukkeandelen etter jakt i 2019 når man allerede har fått tatt ut
en del bukker i vinter. Det er likevel et betydelig antall bukk, anslagsvis 45, som må felles ved ordinær jakt i 2019 for å komme opp i 90% sikkerhet for smittefrihet. Om jaktuttak/prøvetaking i 2019 ikke er tilstrekkelig vil det bli aktuelt med ytterligere tiltak for å nå målet om 90% friskmelding i 2019."
 

Korleis Miljødirektoratet kan forvente høgt uttak i ordinær jakt, når det meste av vaksen bukk allereie er teke ut, og mykje av resten skal gå med gps-klave og følgeleg er freda, har eg vanskeleg for å forstå. Eg har diverre også vanskeleg for å forstå kven som kjem til å vera motivert for jakt til hausten. Eg er det i alle fall ikkje. Miljødirektoratet kunna med fordel hatt ein psykolog blant fagfolka som gjev dei råd. Eg spår eit dårleg uttak til hausten, og så vert det ekstraordinært uttak til neste vinter att, og så har me det gåande…

Målet om 90% friskmelding, kan virke som eit velgrunna mål, men i røynda er det bare basert på 'tenk på eit tal'. Det er laga ein modell, med eit tenkt scenario, og så er det 90% sikkerheit for at dette scenarioet ikkje er tilfelle. Kva dette scenarioet er og korleis berekningane er ikkje lett tilgjengeleg for lekfolk, men ein engelskspråkleg, akademisk artikkel er tilgjengeleg på nettet.  Eit scenario som ikkje ligg til grunn for modellen, kan vera at ei smitta simle har utvandra frå sone 1 så seint som i mars 2018. Med Mattilsynet sin iver etter å friskmelde etter den vedtatte modellen, vil ikkje dette scenarioet verte påvist før lenge etter reetablering av sjuke dyr i sone 1. Og dette scenarioet er like mykje truleg som modellen Mattilsynet friskmelder etter…

Miljødirektoratet meiner at mindre bukkeandel ikkje skal ha nokon negativ innverking på bestanden. Eg er ingen biolog, men å fjerne 100 bukk før neste paring synest eg høyrest mykje ut, det er så godt som alle bukkar over 3,5 år til hausten. Eg håpar inderleg at dei har rett, men eg fryktar det motsatte. Det er mange nok eksempel på små villreinbestandar som har uforklarlege, store problem med tilveksten. Eg håpar for guds skuld at denne panikkforvaltninga ikkje gjer Nordfjella sone 2 til endå eit eksempel på dette.

mandag 18. september 2017

Jakt utan resultat

Det er ikkje lett å få eit skot mot eit enkelt dyr, og med sikker bakgrunn, når flokken kjem på denne måten…



søndag 26. februar 2017

Dystre utsikter for Nordfjella-rein


No er det snart eit år sidan det vart påvist ein smittsam og alvorleg sjukdom sjukdom, CWD, på villrein i Nordfjella. Kvar denne sjukdomen kjem frå, og kor lenge han har vore her, veit ingen. Men situasjonen er alvorleg og tiltaka for å begrense sjukdomen og i beste fall få bukt med han, er drastiske. Veterinærrådet er å sanere heile reinstammen, og det er dette forvaltninga er i ferd med å setje i gang. Dersom resten av villrein-Noreg fortsatt er smittefritt, kan me kanskje lukkast med dette. Tida vil vise korleis det går.

Det kjem ein artikkel om stoda i årets Villrein. Denne artikkelen er allereie å finne på villrein.no

tirsdag 4. august 2015

Sein vår

Når løypestikkene fortsatt står på isen 1. august, vert det sein vår.

Jøranvatnet i Mjolgedalen 1. august 2015

Mjolgetjørne 1. august 2015

onsdag 15. oktober 2014

Dette ser ut til å ta noko tid

No ser eg at det kjem til å ta noko tid å overføre dei gamle sidene. Men eg er i alle fall i gang. De får setje dykk ned og ta ein kopp kaffi i mellomtida.