Om navnet til eit fjellområde

Opprinninga til eit navn er ikkje alltid like enkelt å greie opp i. Nordfjella har derimot eit greit navn som heller ikkje er så gamalt. Navnet har si opprinning i villreinforvaltninga.  Før 1972 vart villreinen forvalta kommunevis, det var derfor ikkje så stor bruk for eit samlenavn for området, sjølv om reinstammen var ein felles stamme.

Naturleg skulle denne Nordfjellastammen ha nær tilknytting til villreinen på Hardangervidda, men etter at Bergensbanen vart opna i 1909, har villreinen hatt eit stengsel som har gjort at utveksling av dyr mellom Hardangervidda og Nordfjella har vore låg. Slik har Hardangerviddda og Nordfjella fått kvar sine reinstammar. I forvaltninga vart Nordfjella, som enno ikkje hadde noko navn, gjerne kalla Hardangervidda nord, altså reinstammen nord for Hardangervidda. Nevninga Hallingskarvet Hemsedal vart òg brukt. Når Hardangervidda nord vart korta ned til Nordfjella fyrste gong, veit eg ikkje sikkert, men då villreinutvalet vart formelt konstituert i 1974, vart navnet Nordfjella brukt i utvalet si fyrste møtebok. Etterkvart har Nordfjella vorte eit godt innarbeidd og brukt navn i alle kommunane og offentlege dokument.

Den Norske Turistforening, som prøver å framstå som ein miljøvenleg organisasjon som skal formidle naturopplevingar til folket, fekk aldri med seg at navnet Nordfjella eksisterte. Dette til tross for at navnet Nordfjella er nevnt i ein artikkel i foreninga si årboka for 1983. I 1995 døypte turistforeninga fjellområdet som hadde heitt Nordfjella i over 20 år til eit heilt spinn vilt navn, Skarvheimen. Skarvheimen-navnet innførte dei med brask og bram, reklamekampanje og heile pakka. Når turistforeninga overkøyrer forvaltninga på ein slik måte, er det eit tydeleg teikn på at same foreninga gir blaffen i naturen og dyrelivet dersom det kan gje kortvarig økonomisk gevinst. Det er svært vanskeleg å ta turistforeninga alvorleg når dei prøver å gje inntrykk av at dei tek hensyn til villrein, når dei viser med slik tydelegheit at dei ikkje har peiling på korleis villreinen lever og blir forvalta.

Turistforeninga fekk også gjennomført ein navnesak i Kartverket i 1996 der Skarvheimen vart jamnstilt med det innarbeida navnet Nordfjella. Når turistforeninga seinare framstiller det som om deira navn skal dekke eit større område enn det som vert rekna som Nordfjella i forvaltninga, er det altså i eit forsøk på å omskrive den histora dei sjølv har skrive.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar