Jakt i skodde

"It rained all night again and all day. This was dreadful, and not at all like Norway"
-Three in Norway by two of them

Det var fyrste gongen eg fekk vera med gamle meister på reinsjakt. Den gongen hadde eg ikkje dei naudsynte papira for å jakte sjølv, men gamle meister såg at eg kunne vera god hjelp dersom det vart bæring av kjøtt, så eg fekk vera med som sherpa.

Dagen starta mange timar før dagane vanlegvis startar. Det var ein mørk augustmorgon, og målet var å koma oss inn i jaktterrenget til klukka slår 7, det er då jakta startar. Nista vart smurt og sekken vart pakka kvelden i forvegen, så det var bare å få i seg bisk og koma seg av garde. Me såg tidleg at det kom til å verte ein grå og våt dag. Etter at bilen var parkert ved Skarvanstølen var det om å gjera å få på seg regnklede og byrje oppstiginga. Litt før klukka 7 steig me inn i skodda og litt seinare meinte me at me kryssa jaktgrensa. Jakta kunna altså byrja, men kvar var all reinen. I sikt på 30-50 meter er det liten sjanse for å sjå rein. Dyra kjenner gjerne lukta av folk lenge før dei kjem innafor vår vesle verd. Denne vesle sirkelen me hadde oversikt over var også så liten i forhold til heile skarvet som reinen kan boltre seg på at sjansen for at eit dyr skulle snuble innom var forsvinnande liten. Men den vesle sjansen må ein vel få lov til å klamre seg til, kanskje ikkje, men ein kan i alle fall håpe at skodda skal lette og sikta bli betre, då kan ein sjå rein.

Medan me venta på at skodda skulle lette, ville me finne ein stein å søkje ly under. Krava til denne steinen var omtrent slik, på lesida av steinen skulle det vera eit overheng slik at to vaksne karar kan sitja oppreist og turt under tak. Me hadde ikkje med oss kortstokk, så bord var det ikkje så farleg med. Det måtte altså vera ein stor stein. Så var det til å undersøkje alle store steinar ein kan koma over. I skodde har alle steinar ein tendens til å sjå uhorveleg store ut, så det blir mange steinar å undersøkje. Dei fleste av desse steinane blir så små når ein kjem nære at me droppa å leite etter overheng til å leggje nista under. Endeleg sto steinen framom oss, med overhenget og alt me kunne ynskje oss av komfort. At føttane måtte liggje att ute i regnværet måtte me viss godta. Bare så synd at eg ikkje hadde fått tak i ny og heil regnbrok. Under taket var det så vidt plass til oss begge, om me satt litt samankrøkt, og det var turt, så sydvesten kunna byttast ut med ei varm luve, og hendane kunna varmast i turre votter. Det var tid for å sitja å vente på betre vêr. Når ein sit og bare ventar, blir det fort kalt, i alle fall når ein er våt, og gradestokken me ikkje hadda med oss skulle vise omlag 1,5°C. Heldigvis låg det varme klede nede i sekken. Etter at gamle meister vart gamal har han vorte veldig nøye på å alltid halde seg turr og varm, så han hadde med seg ei ekstra trøye han var i ferd med å ha på seg, av med jakke og genser opp med ei turr trøye frå sekken. Når turre trøyer kjem i kontakt med vatn, skjer ein kjemisk reaksjon og trøya blir til ei våt og kald trøye. Sekken til gamle meister er allt anna enn vatntett. På grunn av gamle meister sin uerfarenheit, lånte eg han ein genser og tok sjølv på meg islenderen eg hadde passa på å pakke i plastsekken som likevel er med som mogleg underlag for slakting, bæring av vatn og beskytting av sekken ved kjøttbæring.

Etter lang tids venting vart det avgjort at det blir for kjedeleg å sitja å sjå på skodda, så me byrja å gå. Me bestemte oss snart for å gå mot Skoddenosen og ned på Lauvdalen. Etter kvart byrja eg å verte usikker om me gjekk der me hadde bestemt å gå, så eg spør, og gamle meister forklarte med store ord nøyaktig kvar me var. Ein skal lytte til erfarne fjellfolk, ha respekt for dei gamle og ære mor og far sin for å få bli lenge i landet, så det var ingen grunn til å dra i tvil at gamlingen visste kvar han var, sjølv om eg ikkje greide å få forklaringa til å stemme med terrenget. No byrja det å gå nedover, brattare og brattare. Her har det vorte mykje brattare sidan sist eg gjekk her. No var sjansen komme for å diktere kjentmannen litt, eg finn jo uansett ikkje vegen ut av landet så fort, me måtte svinge til venstre og fylgje stupet. Gamlingen gav seg ikkje utan kamp. Med tapt orienteringsevne må vitenskapen inn for å gje slåande argument. Kartet er ikkje til mykje hjelp når ein ikkje veit kvar ein er, ein veit dessutan godt korleis skarvet ser ut på kart. Kompasset kom fram og viste at Lauvdalen låg til venstre for oss. For å forsvara mine uvitenskapelege metodar, må det nevnast at bilen sto til venstre dersom det var Døldabergi me sto på. No var vegen nedatt grei.

Eg har gått turen fleire gonger i opplyst vêr for å finne ut kvar me gjekk den gongen i skodda. Steinen som gav ly for vêret, står der enno og ventar på våte ferdafolk. Under turen derifrå, var me nøye på å ikkje miste høgde, for å koma gjennom skaret mellom toppen og Skoddenosen. Her har me greidd å stige så mykje at me kom i mellom dei to høgaste toppane her synst på skarvet. Vinden har dreia rundt toppen, slik at me ikkje reagerte på at me svinga mot høgre i mot stupa. På jaktturen vår var det aldri nokon dramatikk. Ein liknande tur på ski om vinteren kan derimot fort få ein annan utgang, dersom ein er uforsiktig og løyper utpå ein skavl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar