I mange år avslutta eg skisensongen med ei helg på Aurlandsfjellet rundt månadskiftet juni/juli. I 2016 hadde eg denne turen så seint som 23. juli og det var fortsatt så godt som samanhengende skiføret frå vegen og opp på toppen av Blåskavlen. På desse turane gjekk eg gjerne frå vegen ved brua over Hornselvi, ikkje fordi dette var kortaste turen, men det var ein fin tur ned att. Over Høgdene, gjekk eg i ein svær boge rundt eit lite vatn nedi eit søkk i terrenget.
I nordenden av vatnet var det gjerne bart og litt åpent vatn ved utoset. På vestsida var fonna alltid tjukk. Kva som skjuler seg under snøen akkurat her, har eg ikkje hatt nokon aning om, før i dag.
350 meter lenger opp, ligg denne fint oppmura fangstgrava, forresten den einaste eg har fotografert med ski som målestokk:
Massefangstanlegget på Helleberg med 18 (i alle fall det talet eg telte til) fangstgraver og 1 km med oppmura sperregjerde, ligg rett nord for Blåskavlen.
Eg har vore klar over at det er mange spor av tidlegare tiders fangst i området. Men det viser seg altså at det er langt meir…
Sensasjonelt funn: - Kan også skje i Hallingdal var ei av overskriftene i Hallingdølen i dag. Eg veit ikkje kor mykje av dette som kan lesast av dei som ikkje abonnerar, men det står meir om funnet på sidene til Universitetsmuseet i Bergen, inkludert ein 10 minutters video.
Og for bare 2 dagar sidan, var eg ferdig med å lesa Den lange vandringen – Rein og mennesker gjennom 500 000 år
Det er spanande med spor frå fortida, og dagens overskrift skal eg hugse lengde. Men eg håpar det snart er moglegheit for å oppleve levande rein i området att også…



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar